halloween

a dog in a white blanket dressed as a ghost
Photo by Karsten Winegeart on Unsplash

Halloween er det engelske namnet på allehelgensaftan, natta før allehelgensdag. Halloween har utvikla seg til ei høgtid der ein tek for seg døden og skumle idear i form av utkleding og pynt. Halloween blir som regel feira 31. oktober.

Til halloween knyter ein ofte skumle eller makabre element, som hekser, attergangarar, skjelett, flaggermus og svarte kattar. Det viktigaste symbolet er blitt jack-o'-lantern, eit graskar med utskore fjes og eit levande lys inni. Det er vanleg å kle seg ut, gjerne som noko skremmande, og halda selskap i samband med halloween. Særleg i USA er det vanleg for små ungar å gå husimellom og be om godteri, ein skikk som også har spreidd seg til andre land. Ein kan også brenna bål, dukka hovud etter eple, vitja skremmande attraksjonar eller sjå skumle filmar.

Utkledingsselskap er ein historisk tradisjon

Tradisjonelt

Skumle figurer som monster, vampyrer, zombier, skjelett, hekser og djevler.

Moderne tid

Mindre mørke figurer som kjendisar, oppdikta figurer, prinsar, og prinsesser

I Norge

"HalloVenn" har blitt innført som eit meir kossleg eller positivt alternativ

Ordet Halloween

a witch riding on a jack o lantern, with bats towing her through the sky
Image courtesy of the New York Public Library under Creative Commons

Ordet «Halloween» eller «Hallowe'en» kan tidfestast skriftleg til rundt 1745. Ordet er avleitt frå det skotske uttrykket for All Hallows' Eve, dagen før allehelgensdag. På skotsk er ordet for eve (aftan) even, og samantrekt blir det e'en eller een.

Symbol er knytta til

  • død og overjordisk

  • skrekk-litteratur og filmer

  • vonde krefter

  • monster